Kviteseid Pinsemenighet er ein fri og sjølvstendig kristen menighet som
er ein del av pinserørsla i Noreg. Menigheten blei grunnlagt i 1932.
Du finn oss sentralt i Kviteseid, rett ved kommunehuset.
I 2016 renoverte vi og bygde på menighetslokalet vårt.
Menigheten tel i 2019 om lag 100 medlemmar og menighetstilhøyrige.
Menigheten har to tilsette.
Rolf Inge Johansen er hovedpastor/forstandar,
og Kamilla Minde er barne- og ungdomspastor
Eit valt leiarråd har saman med pastorane ansvaret for drifta av menigheten.
Visjon
Vår visjon er forma slik:
«Me bygger ein menighet med Jesus i sentrum,
der menneske blir sett, omfamna og utfordra»
Dåp
Vi trur at å la seg døype er eit naturleg val å ta for den som vil følgje Jesus. Derfor praktiserer vi dåp etter at folk har kome til tru. Vi døyper til Kristus, i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.
Vi har dåpsbasseng i lokalet, og kan når som helst gjennom året ha dåp. Om nokon ønskjer å døype seg utandørs på sumaren ordnar vi det.
Ta kontakt om du ønskjer meir informasjon, eller har spørsmål angående dåp.
Medlemskap
Vi legg vekt på at alt vi gjer, skal vere ope for alle som ønskjer. Det vil seie at alle er hjarteleg velkomne til å oppleve fellesskapet i menigheten, uavhengig kvar dei står når det til dømes gjeld tru, dåp eller medlemskap. Medlem kan den bli som er personleg bekjennande kristen, og som lojalt kan stille seg bak vårt trus- og læregrunnlag.Dei som har foreldreansvaret for barn under 15 år, kan melde barnet inn i eller ut av menigheten.
I følgje trussamfunnsloven kan ingen stå som medlem i fleire trudomssamfunn i Noreg.