Velkommen Heim
Me bygger ein menighet med Jesus i sentrum,
der menneske blir sett, omfamna og utfordra.
Kva Skjer?
Kviteseid pinsemenighet, Fredheim
Kviteseid pinsemenighet, Fredheim10 hours ago
Ein stad å trivast!
FAQ:
Kva er kviteseid pinsemenighet?
Kviteseid Pinsemenighet er ein fri og sjølvstendig kristen menighet som er ein del av pinserørsla i Noreg. Menigheten blei grunnlagt i 1932.
Kven er ansatt i menigheten?
Menigheten har to tilsette.
Rolf Inge Johansen er hovedpastor/forstandar,
og Kamilla Minde er barne- og ungdomspastor
Eit valt leiarråd har saman med pastorane ansvaret for drifta av menigheten.
Kvifor finst kviteseid pinsemenighet?
Vi finst fordi Jesus ikkje forblei død, men sto opp av grava og vant over døden. Du har sikkert hørd noko liknande før, men vi ynskjer at du kan få erfare personleg at det er sant.
Vi trur at guds kjœrleik og den heilage ande er for alle, og vil hjelpe deg å leve etter guds vilje. Dette er mykje større enn oss, men vi ynskjer å kunne bidra til å skape eit godt og trygt menighetsmiljø.
Vi er ein del av pinsebevegelsen i norge.
Kva driv dere med?
Vi held sundagsmøte kvar sundag, der vi samlast på tvers av alder. Dette er kjerna i verksemda vår, men vi har også fleire tilbud som bibelgrupper og bønesamlingar. Desse er meir intime med fœrre deltakarar, og det er meir rom for å snakke om og be over liv og erfaringer.
Tilboda våre er opne for alle, uavhengig av hva du tenker om tro eller praksis. Du er velkommen om du ynskjer å legge alt ned for å følge Jesus eller om du berre er nysgjerrig på kva som skjer på innsida av bygget.
Vi held også oppe samarbeidet mellom menighetene i Kviteseid som ein viktig verdi. I det siste har vi sett meir og meir at veggane mellom dei ulike menighetene brytes ned.
Kva tenkjer dere om dåp?
Det er fleire syn innad i menigheten på dette, og du er velkommen også hvis du tenker annleis om det.
Vi trur at å la seg døype er eit naturleg val å ta for den som vil følgje Jesus. Derfor døper etter at folk har kome til tru.
I dåpen slutter du deg til jesu død på korset, jesu begravelse, og jesu oppstandelse, noe som vises ved at den som blir døpt, senkes under vann og reises opp for å leve et nytt liv. Vi trur at det er for alle som trur, og at det er kraft i oppstandelsen til Jesus.
Vi døper i namnet til faderen, sonen og den heilage ande.
Ta kontakt dersom du vurderer å bli døpt, eller har fleire spørsmål. Vi har dåpsbasseng, og kan døpe både ute og inne.
Her er det offisielle trusgrunnlaget vårt som pdf.
Korleis blir man medlem?
Vi legg vekt på at alt vi gjer, skal vere ope for alle som ønskjer. Det vil seie at alle er hjarteleg velkomne til å oppleve fellesskapet i menigheten, uavhengig kvar dei står når det til dømes gjeld tru, dåp eller medlemskap.
Medlem kan den bli som er personleg bekjennande kristen, og som lojalt kan stille seg bak vårt trus- og læregrunnlag. Dei som har foreldreansvaret for barn under 15 år, kan melde barnet inn i eller ut av menigheten.
I følgje trussamfunnsloven kan ingen stå som medlem i fleire trudomssamfunn i Noreg.
Kontakt oss for informasjon og ein eventuell prat om dette.
Kor er menigheten?
Du finn oss sentralt i Kviteseid, rett ved kommunehuset.